Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Svisj - ei ny arbeidsveke er lagt bak oss. Det har vore ei nokså «normal» veke. \n\nPå måndag hadde eg heimekontor - og faktisk utan alt for mange teams møter. Det er fint med litt tid til å lese, tenke og ringe. \n\nPå tysdag var det interne møter i departementet om dei ulike sakene som me jobber med. \n\nOnsdagen gjekk turen til Stockholm for å delta på eit seminar om skog og næring, i tillegg til å ha møte med min svenske kollega Peter Kullgren. Først hadde vi møte der me begge hadde med kvar vår stab - før me drog til ein restaurant for å spise lunsj. Der var det berre han og meg. Her er det rom for ein meir uformell prat. Det gjekk riktig så bra og biffen var god. Det ble ein god dag. \n\nTorsdag formiddag hadde me eit arrangement i departementet der eg delte ut pris og stipend til Norges beste skogsstudentar. Ettermiddagen gjekk med til regjeringskonferanse og på kvelden var eg på NM i kjøttprodukter. \n\nFredag var det igjen møter i departementet. Eg hadde mellom anna besøk av Sp i Kristiansand med Ole Magne Omdal som var opptatt av urbant landbruk. Før heimreise gjekk turen til slottet og statsråd. \n\nDet går mykje tid til å jobbe med saker, og så er det overraskande mykje arrangement med oppstilling til bilder og utdeling av priser. \n\nGod helg.
Postet:
2023-11-18 09:12:23
Delt innhold: