Innlegg:
Sunnmørsposten fornekter seg ikkje i sin iver etter å sverte dei borgarlege partia her i fylket.\n\n- det er nok «surr» frå SMP no på ei stund, når eg no las dagens leiar. \nEin leiar som rett og slett igjen har slagside mot den blå sida i fylkespolitikken.\n\n- det er berre å beklage SMP, det er lov å gjere feil også for media.\n\nHer er mitt tilsvar til dagens leiar i SMP, som garantert aldri kjem på trykk i den avisa, det tørr dei sjølvsagt ikkje,,,\n\n - og slik går nå dagane😉\n\n—————-//——————-//——————-//———-\n\nTilsvar til leiaren i SMP\n\n«Når skal SMP begynne å snakke sant?»\n\n«For nokre veker sidan slo SMP stort opp at det her i fylket med FrP som fylkets største parti, blir null asfalt, høgare ferjeprisar, ingen rasjonalisering i administrasjonen og null satsing på Trollstigen»\n\nVi vart radbrekt, framsatt som ei sanning, og det er slett ikkje enkelt å stå opp mot slikt.\n\n- alle kan no sjå sanninga og fakta, at det faktisk blir kraftig auke på asfalt, null auke i ferjetakstane, tidenes høgaste rasjonalisering i fylkeskommunen med kutt av 135 mill kr, og faktisk satsing på rassikring av Trollstigen.\n\n• Når skal SMP sin redaktør svare på mitt åpne brev, sendt for mange veker sidan?\n\n«Er redaktøren så flau av egne utsagn at dette brevet ikkje blir trykt og besvart i full offentlegheit?»\n\n• når skal SMP sin redaktør dementere og tilbakevise sine eigne usannheter om FrP og dagens borgarlege fleirtal i fylket?\nAlle påstandane til avisa som svirra rundt i fylket FØR vi la fram vårt budsjett, var regelrett oppspinn og svada.\n\nEg berre stiller spørsmålet?\n\nOg, no presterar «leiaren» å kome med enda meir, som åpenbart har til hensikt å sverte dei borgarlege partia her i fylket ytterlegare, eller?\n\n- det er ikkje ostehøvel, men reelle rasjonalisering av administrasjonene ved å auke Fylkeskommunedirektøren sitt eige omstillingskrav frå 1% til 2,7% som tilsvarar omstilling på heile 135 million kr.\nDette skal takast på stillingar, ikkje på kutt av tjeneste.\n\nSMP veit så inderleg vel at politikarane kjenner kun Fylkeskommunedirektøren og skal slett ikkje peike ut enkeltstillingar eller konkrete områder, slik SMP sin leiar heilt useriøst hevdar.\n\nLikeeins har politikarane ALDRI før gått inn og kutta/ skubba på heile 350 mill kr i investeringar, og det er politikarane som kuttar eit alt for ekspansivt investeringsbudsjett frå Fylkeskommunedirektøren, ikkje omvendt,\n\n- at leiaren i SMP forsøker å hevde det stikk motsette, vitnar om at avisa i sin iver etter å sverte FrP og resten av dei borgarlege partia, rett og slett bommar på åpent mål!\n\nEg ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med media, også SMP.\nMen, det er sikkert ein tanke for ei avis som SMP å forsøke å holde seg til fakta, opptre ryddig og behandle alle politiske retningar her i fylket rettferdig.\n\n« no har SMP slagside, der båten er peisfull av raud/ grøn retorikk, der avisa garantert sikkert hadde hevda at FrP tok feil dersom vi fremma framlegg om at jorda var rund»\n\nMvh\nFrank Sve\nGruppeleiar\nMøre og Romsdal FrP\nStortingsrepresentant \nOg litt til,,,
Postet:
2023-11-14 05:02:18