Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:

Postet:
2023-11-09 22:19:32

Delt innhold:
I dag er det 85 år sidan Krystallnatta.\n\nI Noreg er det plass til alle. Uansett kven du er, kor du kjem frå eller kva slags religion du har❤\n\nDiverre veit vi at fleire føler seg utryggje og opplever truande hendingar. Vi skal kjempe mot antisemittisme, rasisme og hat!\n\nNo arbeider regjeringa mellom anna med å lage ein ny handlingsplan mot antisemittisme.\n\nBarne- og familieminister Kjersti Toppe markerte Krystallnatta hos Det Mosaiske Trossamfunn i dag. \n\n– Regjeringa ønskjer at alle skal vere trygge i Noreg. Ikkje minst er det viktig at dei truande skal føle seg trygge. Mange jødar opplever no å bli trua. Det kan vi ikkje akseptere. Vi må unngå at situasjonen i Israel og Palestina øydelegg for fellesskapa våre i Noreg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.