Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Har i dag hatt besøk av Vetle Almås Rege som har vore «jobbskygge». Vetle er til dagleg kokkelæring på Ostehuset i Stavanger.\n\nJobbskygge er eit opplegg, gjennom Ungt Entreprenørskap, der dei skygger ein leiar ein dag. Vetle var med på møte i Oslofjordrådet, internt møte om dyrevelferdsmeldinga i departementet, ein tur på Stortinget og markering av 20 års jubileum for Bondens Marked. \n\nHøgdepunktet i dag var nok (for meg) likevel då me ringte ein tilsett i departementet som er ihuga Sogndal-supportar. Den tilsette gjekk ut av eit møte for å svare meg. Han var ikkje heilt nøgd når han fekk høyra at eg berre lurte på korleis det gjekk i kampen mellom Bryne og Sogndal i helga. \n\nEg takker Vetle for besøket og eg ynskjer han lukke til vidare.

Postet:
2023-11-07 22:35:47

Delt innhold:
Photos from Geir Pollestad - Senterpartiet's post