Innlegg:
🙈\n\nEg er ei blanding av skamfull og flirfull når eg finn det eksemplaret av boka mi (om å vera dønn distré) som eg gav til sonen min tidlegare og ser det eg skreiv inni.\n\nDå han var eit par veker gammel, køyrte eg nemleg meir eller mindre elegant frå det lille nurket. Han låg i ein babybag på trappa utanfor huset vårt medan eg skulle hente bilen i garasjen.\n\nIngen skade skjedde, men eg trudde jo eg skulle daue på meg då eg etter eit eller to minutts køyring hugsa guten. \n\nEg innsåg raskt at det å vera distré kan trumfe morsinstinktet. Den gongen hadde eg ammetåka å skulde på, men det har eg ikkje no akkurat… Eg er rett og slett kronisk og uhelbredeleg distré.\n\nGuten har vorte vaksen og skikkar seg betre enn mor si, heldigvis. Og han vart attgløymt berre den eine gongen - førebels 😅❤️
Postet:
2023-11-07 20:26:09
Delt innhold: