Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Bryne FK har levert ein solid sesong i OBOS-ligaen. Før siste serierunde er det framleis ein sjanse for kvalifisering til Eliteserien. Før sesongstart tenkte eg at 10.-12. plass var mest realistisk. \n\nEg har sjeldan fått så mykje kjeft som då eg var styreleiar i Bryne FK og me tilsette Kevin Knappen som trenar. Eg skal ikkje ta æra for det - men klapper no for dei som ga gode råd. Ikkje minst Roger Eskeland. Så veit me sjølvsagt ikkje korleis det hadde gått om me hadde valgt annleis. \n\nDet er et jamt og godt lag som står på for kvarandre og blør for drakta (klisje) Årets desidert viktigaste spelar for laget er Andreas Dybevik. Så er eg også begeistra for gamle travere som Rogvi Baldvinsson og Robert Undheim. Eg har også stor tru på at Sigurd Grønli kan utvikle seg til nye høgder. Duarte Moreira frå Portugal er eit av årets kjøp i OBOS. \n\nEg gler meg og over at Bryne FK hevdar seg seg i den nye og spissa serien i 2. divisjon kvinner. Laget ligg på 4. plass med ein kamp att. \n\nÅ vera Bryne-supportar er mange motbakker - men eg prøver her - som på andre område - å halde fast på at tålmod og lojalitet gir resultat til slutt.

Postet:
2023-11-06 01:11:29

Delt innhold: