Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Visste du at kvar fjerde industrirobot står i Sykkylven? \n\nTorsdag var eg så heldig å få delta på «møbeltreff», eit årleg bransjetreff for Designindustrien i Sykkylven. \n\nBygda Sykkylven har skapt globale merkevarer som Stressless og ei rekke andre designmøbler. \n\nGjennom godt arbeid, grundige analyser og solid forretningsmessig drift skaper verksemdene arbeidsplasser og verdier for samfunnet. \nMøbelindustri er ei syklisk næring. No er det tunge tider etter ein periode med godt salg under koronaen, men det stopper ikkje gode fagfolk frå å prøve å kome seg gjennom bølgedalen med å tenkje nytt og gjere solid arbeid.\n\n \nEg blir stolt av desse bedriftene og menneska i Møre & Romsdal som er så fagleg dyktige og som ser muligheiter der andre tenkjer det er umogleg.\n\nDet er imponerande korleis det blir arbeidd med berekraft og redusere fotavtrykket av møbler, ved å designe for minst mogleg klimabelastning og ved å arbeide fram sirkulære verdikjeder. \n\nNo kjem det nye verdikjeder der gamle møbler får nytt liv gjennom reperasjon og re-design sett i system. 3D strikking tek tekstilproduksjon tilbake og skreddersyr produkt. \n\nHyggeleg å ha ein solid SVer, Eldar Høidal midt oppi dette arbeidet med å legge til rette for ein fagleg møteplass for ein avansert og framtidsretta industri.

Postet:
2023-11-04 19:04:36

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post