Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Tida går fort når man har det kjekt. Nok ei veke med møter, formaliteter, besøk og reiser er over. \n\nDenne veka starta måndag med besøk hjå den engelske ambassadøren for å sjå på pokalane til Manchester city. Ambassadøren var heldigvis Spurs fan. Etter eit kort stopp her gjekk turen vidare til Ås og besøk hjå NIBIO, Veterinærinstituttet og Nofima. \n\nTysdag gjekk turen til Østfold for å sjå på villsvinjakt. Kampen mot Afrikansk svinepest er prioritert. Lova her å ta jegerprøven, så då må eg vel det. \n\nOnsdag var det landbrukskonferanse på Bryne. Godt med ein kortreist dag - før turen gjekk tilbake til tigerstaden. Denne dagen vart me og einige med Bondelaget og Småbrukarlaget om eit endra tallgrunnlag for jordbruksoppgjeret. Noko mange har venta på. \n\nTorsdag gjekk med til interne møter, før regjeringskonferanse og partimøte i SP. På kvelden var eg på Lillestrøm og hylla dyktige Tine melkebønder som fikk sølv-tine og melkespann for å ha levert elitemelk anten i 15 eller 25 år. Melke-eliten er min favoritt-elite. \n\nFredag mottok eg saman med andre departement ein rapport/plan for å utvikle bærekraftig fôr. Så var det statsråd og lunsj med regjeringa. Etter det var det rett til Gardermoen. \n\nUkas søtaste augneblink var under eit såkalla saksmøte om dyrevelferd. Då me kom til temaet katt hadde embetsverket illustrert plansjen med verdens beste katt: Familiens sjef Lars. \n\nEllers har og saka med dårlig dyrevelferd på kylling i Sverige tatt tid å svare på pressehenvendelser om. Og møter med Mattilsynet for å få info frå dei om dyrevelferd hos kylling i Norge.

Postet:
2023-11-03 14:32:05

Delt innhold: