Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Her er litt politisk historie om korleis haldninga til arbeidsuføre har endra seg. \n\nDei eg kjenner som er i statistikken unge uføre har blitt det på grunn av reell sjukdom ikkje vondt i viljen. Skal slike straffast med å leve på eit eksistensminimum og mistenkeleggjerast? \n\nDagsrevyen i kveld var det ein reportasje om long-covid. Ein restauranteigar som var nede på 30% kapasitet fleire mnd. etter han vart sjuk. \n\nSkal tru kor mange unge det er som er uføre på grunn av slike etterverknader av infeksjoner. Til dømes flåttbårne sjukdomar. Eg kjenner fleire berre i min omgangskrets. \n\nI 1980 fanst ikkje flåtten på Nordøyane, i dag er det ekle krypet over alt. Og folk blir sjuke stadig vekk. Somme kjem seg fort til att, medan andre går inn i total utmattelse som varer år ut og år inn og somme lever innestengte bak mørke gardiner i årevis utan å orke nokon ting. Det er bra det blir forska på desse tilstandane. \n\nVi må ha dette med oss når vi snakkar om dei som fell utanfor arbeidslivet - og ikkje møte fenomenet med ei haldning om at det er mangel på motivasjon og vilje.

Postet:
2023-10-31 20:11:31

Delt innhold:
Arbeidslinja betyr noe helt annet i dag enn for 40 år siden
• Den gamle bygde på at vi helst vil forsørge oss selv, men trenger økonomisk trygghet når vi ikke klarer det.