Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Ei veke full av kontraster er omme. \n\nTanken greier ikkje sleppe taket i dei grufulle hendingane krigshandlinger som drep, traumatiserer og øydelegg liva og alt som er bygd opp på sekunder i Gaza. Krig er meiningslaust og fører ingen stad. Vi må kreve våpenhvile no! \n\nMen samtidig må arbeidet gå for fullt på Stortinget. \nBudsjettet skal vedtakast etter kvart , og denne veka har det vore budsjetthøyring to fulle dager med 120 godt førebudde innlegg. Det er verkeleg eit privilegium å få møte så mange aktører med godt førebudde innlegg. Men komiteen har også hatt høyring om Meld.St 27 (2022-2023) Distriktsmeldinga, og høyring i sak om endring av Inndelingslova. Prop.138L(2022-2023) \n\nInnimellom har det også vore tid til møter med einskildorganisasjoner som Norsk Folkehjelp og Moria aksjonen. \n\nTorsdag var det høgtidleg middag på Slottet. Desverre var Kong Harald ikkje i form, men Kronprins Håkon framførde kongens tale på glimrande vis. Trass i den offisielle ramma, den store forsamlinga og dei stivpyntet folka, gir dei velvalde orda kjensla av å vere heime hjå kongen på besøk. Nært, humoristisk, og alltid med ein samlande og alvorleg bodskap. \n\nEg syntest det var ekstra stas å gå inn til middagen i lag med Tina Mari Flem. Ho var den første eg møtte då eg kom til slottet. 🥰\n\nOg i dag, laurdag, fekk eg med meg solidaritetsmarkering med ofra i krigen på Gaza før eg møtte Innvandringspolitisk utvalg i SV på Tøyen, på partikontoret.

Postet:
2023-10-28 17:19:43

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post