Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Eg saknar enno store, flotte Rusky, som eg hadde i ungdommen. Ho var ei staseleg og snill blanding mellom pyrenear og rottweiler, og elska å gå tur i band sjølv om ho gjekk fritt rundt på småbruket til dagleg. \n\nEg minnest at vi vog ho og at ho då var 70 kilo(!) på fiskevekta på røykeriet vårt. \n\nDen enorme hunden skapte alltid stor spenning hos lillebror min og meg då vi gjekk opp bakken mot huset vårt etter å ha gått av skulebussen. \n\nRusky brukte å springe bortover vegen til der nedoverbakken begynte, og så stod ho der oppe og venta på oss medan vi kom nærare og nærare.\n\nPlutseleg hoppa ho framover eit byks slik at overkroppen låg nede i vegen og bakenden stod rett opp med halen logrande raskare og raskare.\n\nSå, då vi var nær nok, kom ho byksande i lange sprang før ho hoppa opp på skuldrane våre for å få kos. Vi måtte jo spenne mot med eiga vekt (noko som vart lettare av at vi var veldig glade i mat). Gjensynsgleda var ubetaleleg - kvar gong.\n\nEg er tretten-fjorten år på biletet. Rusky skulle ikkje bli meir enn 2,5 år gammel på grunn av ein skade. Det var stor sorg, og eg skal innrømme at eg sørgjer over den hunden enno. \n\nDei fire hundane i mitt liv; snille Rusken som var i heimen frå før eg vart fødd, staselege og gode Rusky, kloke og vakre Menty og no kjærlege og leikne Rusky den andre har alle vore høgt skatta familiemedlemmar. Og eg kan enno finne på å drøyme om desse som for lengst er døde.

Postet:
2023-10-28 10:17:11

Delt innhold: