Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Har Noreg den beste osten i verda? Ja, det har vi!\n\nPå Oste-VM ble osten til Gangstad gårdsysteri frå Noreg kåra til den beste osten i verda. \n\n– Noreg er ein ostenasjon i verdsklasse. Gratulerer så mykje til Gangstad gårdsysteri med sigeren, og takk for bidraget til at Noreg kan produsere ost av høgaste kvalitet. Noreg har hatt ei enorm utvikling innan osteproduksjon sidan 2000-talet, både innan sal og mangfald. Det er takka vere kreative og dyktige ystarar at Noreg har vorte det ostelandet vi er i dag, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Postet:
2023-10-27 19:50:15