Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Mange bønder vart hardt råka av flaum og tørke i sommar. \n\nEg har sidan då gjort fleire endringar for å betre ordningane for produksjonssvikt. Målet er å avgrensa tapet for bøndene. \n\nI dag vart det varsla at maksimalbeløpet for gras og korn vert auka frå 900 000 til 1,8 millionar kroner for inneverande år.\n\nArbeidet med å justera ordninga med produksjonssvikt er med det ferdig. Det er avgrensa endringar for 2023. Vil jordbruket endra ordningane permanent er det noko dei må ta opp i forhandlingane om jordbruksoppgjeret til våren. \n\nSkader som fylgje av politikarar i åkeren vert ikkje dekka. \n\nFoto: Emilie Holtet/NTB

Postet:
2023-10-25 21:22:38

Delt innhold: