Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
24 oktober er FN dagen. \nDet var ei sterk markering om born på flukt arrangert av #Moria - bevegelsen utanfor Stortinget i dag. Det var plassert 1500 ballongar på Eidsvolls plass, som symbol på kvart born som bor under håplause forhold i flykningleirar i Hellas. \n\nVi må aldri gløyme borna som vert ramme av krig og konflikt. 🤕🤱\n\nMoria-bevegelsen stiller krav til regjeringa om å ikkje kutte bistandsprosenten og ikkje kutte i talet på kvoteflyktninger. \n\nDet er viktige krav SV støttar. ❤️💚\n\nKvoteflyktninger er flyktningar som er ureturnerbare, som har grunnleggande rett på beskyttelse etter flyktningekonvensjonen, og som ikkje har eit land å reise tilbake til. \n\nHer står eg saman med Janne Heltberg, ein av initiativtakerne bak markeringa, som kunne fortelle at mange fordrevne i Hellas har vore nekta mat og nødvendig naudhjelp, som fylgje av EUs innstramming i flyktningepolitikken. 26000 menneske drukna i Middelhavet i fjor. Det er uhyrlige tal. \n\nMoria-bevegelsen står opp for solidaritet og menneskeverd i ei tid då det trengst meir enn nokon gong. \nTakk til alle som kjemper for å gi håp ❤️

Emneknagger:

Postet:
2023-10-24 17:57:01

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post