Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Kamp mot villsvin og afrikansk svinepest. \n\nPå eit villsvinmøte i Aremark måndag kveld, la landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) fram ny politikk og styrking av vederlagsordninga for villsvin i Noreg.\n \nDet nye målet er at villsvinbestanden i Noreg skal utryddast.\n \n- Det viktigaste framover er at jegerane skyt enda fleire villsvin enn dei gjer i dag, og at grunneigarar som har villsvin legg enda betre til rette for effektiv jakt. Som strakstiltak vil eg styrkje Mattilsynet si vederlagsordning. Dette inneber meir pengar til jegerar som skyt villsvin og for dei som melder om daude, sjuke, påkøyrte villsvin. Som ei prøveordning, vil eg òg at grunneigar der villsvin blir skotne skal få godgjersle for dette, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).\n \nDei nye satsane blir:\no​Frå 1000 til 3000 kroner per felte hanndyr\no​Frå 2500 til 5000 kroner per felte hodyr\no​Frå 3000 til 4000 kroner ved melding om funn av påkøyrte, sjuke eller daude villsvin\no​Som ei prøveordning får grunneigar 4000 kroner per felte villsvin på sin eigedom.\n \nMattilsynet er i gang med å oppdatere skjema og nettsidene sine med dei nye satsane. Dette er på plass i løpet av nokre få dagar. Det blir òg arbeidd vidare med fleire tiltak. Mattilsynet og Miljødirektoratet skal oppdatere handlingsplanen mot villsvin og sjå på nye tiltak i lys av det nye målet.\n \nUtbrot av afrikansk svinepest i Sverige\nSvenske styresmakter melde 6. september 2023 om utbrot av afrikansk svinepest hos villsvin i Fagersta. Dette er den første gongen denne alvorlege svinesjukdommen er påvist i Norden. Eit stort område på om lag ein million dekar er bandlagt, og det er innført omfattande restriksjonar på ferdsel, jakt og drift i skogen. Kommersielle svinehald blir avliva som eit førebyggjande tiltak. Sjukdomen er til no funnen på 49 villsvin i Sverige.

Postet:
2023-10-23 19:23:10

Delt innhold: