Innlegg:
Ei vakker hausthelg heime på øya er over. Fint å få feire pappa sin 93 års dag på sjukeheimen i Brattvåg i dag saman med familien. Pappa,Odd Kjerstad, vart fødd 6 veker for tidleg 23 oktober i 1930 men om han var fødd tidleg og var liten då tok det att, og vart 2m. Pappa har gledd oss i heile vår tid med sitt lyse humør. Ikkje alle som er så heldige å ha foreldre som er glade i kvarandre og har glede av kvarandre så langt inn i alderdommen, om nokre veker har mine foreldre vore gift i 67 år.
Postet:
2023-10-22 19:27:11