Innlegg:
Eg har ein del merkelege mareritt, men nattas mareritt var av det milde slaget trass alt. Eg drøymte at eg skulle halde eit føredrag til ungdommar om korleis unngå stress. \n\nEg innsåg at eg var ekstremt dårleg eigna til å lære bort dette, slik som eg sjølv pådreg meg altfor mykje å gjera ofte. Så eg lurte på korleis eg skulle koma meg ut av situasjonen. \n\nEg vakna og begynte å tenkje på saka. For meg er det veldig kjekt og nyttig for sinnsroa å ta bilete ute i naturen. Tankekøyret blir fint avleda frå alt eg skulle ha gjort, skrive og sagt til det som er rundt meg av moglege motiv.\n\nOg ein treng ikkje ta "postkortbilete" berre, det kan vera like forførande å gå tett på. Slike bilete som ser ut som nonfigurativ kunst sjølv om motiva er veldig konkrete eigentleg. Som av strå omslutta av is. \n\nÅ oppsøke plassar der ein liker å vera er heller ikkje dumt. Her frå min barndoms dal, Søyådalen.
Postet:
2023-10-22 13:44:33