Innlegg:
Alt me ber om, er at alle menneske skal vera like mykje verdt.\n\nAlt me ber om, er at alle barn skal få leika i fred, og sleppa å vera redde.\n\nFor snart to veker sidan vakna me til dei fryktelege nyheitene om brutale drap på sivile israelarar. Barn, ungdommar og vaksne, som brått blei rivne vekk frå livet og familiane sine.\n\nSV fordømmer det angrepet. Angrep på sivile kan aldri forsvarast. \n\nLike lite som dei brutale israelske angrepa på palestinske sivile. SV fordømmer dei og. Me fordømmer Israels utsvelting, tvangsfordriving og bombing av palestinske barn, ungdommar og vaksne på Gaza. \n\nOver 1 million menneske har fått beskjed om å reisa sørover frå Gaza by. Halvparten av innbyggarane på Gaza er nå fordrivne - mange av dei for andre gong. Dei har ingen garanti om å få venda tilbake. Israel bombar vegane dei prøver å flykta på. Israel bombar den einaste grenseovergangen dei kunne ha brukt for å koma seg ut - og der naudhjelp kunne ha kome inn. \n\nIsrael nektar folk på Gaza mat, vatn og straum. Dei bombar FN-skular. Det finst ingen trygge stader på Gaza nå.\n\nAlt dette fordømmer eg. Alt dette fordømmer me. Og me ber om, og krev: våpenkvile nå! Stopp bombinga. Få naudhjelp inn. Opphev blokaden som i årevis har stengt palestinarar inne i eit utandørs fengsel. \n\nOg me seier til den norske regjeringa: Hev stemmen! Det er på tide å kalla også Israel sine angrep for det dei er: krigsforbrytelsar.\n\nDet er på tide å legga press på den staten som har det i si makt å stoppa uretten: Okkupanten, apartheidstaten Israel. \n\nDet vil også vera i israelarar si interesse. For er det noko som dei to siste vekene har vist, så er det at ingen er trygge før alle er trygge. Heller ikkje israelarar er trygge så lenge undertrykkinga av palestinarane fortset. \n\nOg det er i grunnen alt me ber om: \n\nAt alle menneske skal vera like mykje verdt. \n\nAlt me ber om, er at alle barn skal få leika i fred, og sleppa å vera redde.\n\nI 2014, då Israel bomba Gaza og tok livet av over 500 barn, skreiv den palestinske poeten Khaled Juma dette diktet:\n\nOh rascal children of Gaza\n\nyou who constantly dusturbed me\nwith your screams under my window,\n\nyou who filled every morning with\nrush and chaos,\n\nyou who broke my vase and stole the \nlonely flower on my balcony, \n\nCome back - \nand scream as you want,\nand break all the vases, \nsteal all the flowers,\n\ncome back,\njust come back…\n\n(Appell på solidaritetsmarkering for Palestina, Stavanger 19. oktober 2023)
Postet:
2023-10-19 20:42:03
Delt innhold: