Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I dag har regjeringa stoppa planane om å bygge IKEA varehus på matjord i Vestby kommune. \n\nReint formelt har me innført eit førebels dele- og byggeforbod for å kunne vurdera utbygginga opp mot nasjonale føringer mellom anna om jordvern. \n\nDette skjer same dag som Riksrevisjonen la fram ein rapport med kritikk om at for mykje matjord vert bygd ned. Det er eg heilt samd med Riksrevisjonen i. Difor er det viktig at det er fastsett eit nytt mål for å hindre nedbygging av matjord. \n\nNorske kommunar har i sine planer 140 000 dekar matjord som dei vil bygge ned. Beskjeden er klar: Det går ikkje og det kjem dei ikkje til å få lov til. Eg har stor tru på at kommunane no vil gå gjennom sine planer og ta ut områder som er sett av til utbygging. \n\n97 % av Noreg er ikkje matjord. Det er meir enn nok plass i Noreg til både bustader og industri.

Postet:
2023-10-19 23:54:57

Delt innhold: