Person / Aktør:
Rødt
Rødt
Parti: R

Innlegg:
// etter at vi blei sprengt i filler etter at fredagen fall ut av hendene på oss etter at vi måtte lære oss norsk på ny etter at sorga strekte seg heilt opp til håret etter at dagane tok til å regne ned over oss orda overlever ein 9mm glock kjærleiken er kraftigare enn ei 500 kilos bombe å halde hender er mektigare enn ladegrepet eit lite kyss er viktigare enn 1500 sider med hat eit vi er så mykje meir enn eit eg det kjem eit nytt 22. juli, det må jo det ferja skal frakte fleire bankande hjarte over telta skal bli slått opp på grønt gras morgonsola skal kysse øya vaken hei, hei, på tide å stå opp og endre verda // – Frode Grytten

Postet:
2018-07-22 09:12:00