Innlegg:
I dag er verdsdagen for psykisk helse. \n\nEg legg ved dette skjermbiletet for å vise kva folk kan få seg til å skrive offentleg. Det var norsk landbruk og kosthald eg hadde skrive innlegg om - veldig engasjert slik eg ofte er for tema eg bryr meg om.\n \nEin treng definitivt ikkje ha eit psykisk problem for å vera intenst opptatt av noko, men ein kan ha eit psykisk problem og likevel vera både dyktig og engasjert. På same måte som med hovudpine kan det vera borte i periodar og til stades i periodar. Så er det styrken på problemet og hjelpa ein eventuelt får som avgjer kor godt ein klarer seg i arbeid med den aktuelle plaga når det står på.\n \nDet er viktig at det er openheit kring at vi menneske kan slite med psyken vår. Det tek vekk tabu og reduserer skam. Eg håpar også det fører til at folk ikkje tyr til psykiske problem som forklaring på engasjement og stor arbeidsinnsats, slik som på skjermbiletet. Det blir jo berre for dumt.\n \nEg har ein liten refleksjon: Openheit om psykiske lidelsar treng ikkje bety at alle skal dele diagnosen sin i sosiale media. Mange vil ha stor nytte av å vera opne med familie, vener og arbeidskollagaar, men å sleppe ut informasjonen på det store, vide internettet er ikkje nødvendigvis det klokaste, særleg ikkje medan ein prøver å finne ut av seg sjølv og problemet. \n\nNære relasjonar kan bli endå nærare om ein tør å opne seg, og vil alltid vera dei viktigaste.
Postet:
2023-10-10 20:17:44
Delt innhold: