Person / Aktør:
Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet

Innlegg:
Regjeringa foreslår å gje kriminalomsorga 85 millionar i årets statsbudsjett. fortsett styrkinga av soningsforhold for kvinner og unge med høvesvis 55 og 11 millionar.\n \n– Kriminalomsorga er framleis i ein krevjande situasjon, og for meg er det viktig at regjeringas innsats for å gjenoppbygge kriminalomsorga fortsett. Regjeringa er opptatt av å sikre best mogeleg arbeidsforhold for dei tilsette og gode soningsforhold for dei innsette og domfelte, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). \n \n👭 Regjeringa fortsett styrkinga av soningsforhold for kvinner. Regjeringa foreslår derfor å sette av 55 millionar for å bygge ei eiga fellesskapsavdeling for kvinner med alvorlege psykiske utfordringar ved Skien fengsel – ei såkalla nasjonal forsterka fellesskapsavdeling.\n \n– Mange av kvinnene som gjennomfører straff i norske fengsel har store og komplekse utfordringar. Eg er derfor glad for at regjeringa nå foreslår å etablere ei nasjonal forsterka fellesskapsavdeling for kvinner. I ei slik avdeling vil kriminalomsorga og helsetenesta saman kunne gje eit tilbod til kvinner med alvorlege psykiske helseutfordringar, seier Mehl.\n \n↗️ I tillegg foreslår regjeringa å bruke 11 millionar til å auke kapasiteten ved Ungdomseining aust på Eidsvoll med to plassar, for å sikre at barn ikkje må sitte i fengsel saman med vaksne.\n \n– Det har tidvis vore fleire mindreårige innsette enn det er plass til i ungdomseiningane i dag. I Hurdalsplattforma står det at ungdomseiningane skal utvidast og styrkes. Med årets budsjettforslag følger vi opp dette gjennom å foreslå middel til to nye plassar ved ungdomseininga på Eidsvoll, seier Mehl. \n \n👇 Les meir om korleis regjeringa fortsett å gjenoppbygge kriminalomsorga i saka under.\n \nFoto: Kriminalomsorga

Postet:
2023-10-09 13:40:00

Delt innhold:
Regjeringens gjenoppbygging av kriminalomsorgen fortsetter
Regjeringen foreslår 85 millioner kroner til kriminalomsorgen. Samtidig må innsatsen for å bedre kvinners soningsforhold bli bedre. Regjeringen foreslår derfor 55 millioner kroner til å etablere en nasjonal forsterket fellesskapsavdeling (NFFA) for kvi...