Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
I dag heldt eg appell på vardebrenning på Ulla Nei til Vindkraftverk på Haramsøy arrangerte. \n\nKampen mot klimaendringar og tapet av natur må vinnast samtidig. Vi kan ikkje operere vekk lungene for å berge hjartet. \n\nVi tapte kampen for nærnaturen og Haramsfjellet - men vi vann ei lovendring. Eg er stolt av øyfolket som stod opp og kjempa. \nNo står vindkraftverket der og fuglar døyr. \n\n- staten køyrer på med «meir av alt raskere.»\n\nEg kjenner på korleis landet vert skada i dette kappløpet for å stadig utvinne meir og bygge ned meir for å fore eit sinnsjukt forbruk og industrielle prosesser i eit ikkje berekraftig lineært system. \n\nDer naturressursar og areal går inn i eine enden og store mengder søppel kjem ut i den andre. \n\nDet var sterkt å stå på same staden eg sto i 2021 då dommen i Haram Kraft saka fall. \nOg eg kjende at storsamfunnet og makta har gjort meir med meg enn eg likar. Eg tenkte på Valdalen, Mardøla, Alta og Fosen, og fiskarane som er urolege for sine fiskeplasser. \n\nDet er nok no!

Postet:
2023-10-08 22:12:08

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post