Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SV

Innlegg:
Vardebrenning for Strypeheiane 💚\n\nMe gir ikkje opp motstanden før monstermastene faktisk står her. \n\nMe har prøvd å vinna fram med kunnskap og saklege argument: Om naturverdiane og om norske arbeidsplassar ved bygging av sjøkabel. Kvifor er det så lett å bygga sjøkabel over Nordsjøen, og så enkelt å få det til i Fjordane våre? \n\nNo har regjeringa gitt konsesjon for bygging av høgspentleidning i luftspenn gjennom urørt natur. Bakom syng refrenget “meir av alt - raskare”. Meir kraft og meir nett. Men utan politisk, demokratisk styring av krafta og prioritering av kva straumen skal brukast til, blir det berre endå meir rasering av naturen til lita eller inga nytte.\n\nEnergipolitikken må endrast i grunnen. Naturen må verdsettast for alt han gir oss: Livsgrunnlag og livskvalitet. \n\nTakk for fleire fine turar i Strypeheiane. For gode samtalar som eg har lært mykje av. Og for at eg har fått læra å bli glad i Strypeheiane, eg og.

Postet:
2023-10-08 19:48:18

Delt innhold:
Photos from Ingrid Fiskaa's post