Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
I dag la regjeringa fram statsbudsjettet. Og etter eit par timar lesing får vi spørsmål om vi har kommentarer. \n\nEg har dukka ned i kommunalbudsjettet. \nKommuner og fylke får 1,3% meir å rutte med. Til saman 6,4 mrd. 5,1 mrd. til kommunene og 1,3 mrd til fylka. Men det blir fordelt annleis enn før. Så spørs det om det er nok og om det er innretta slik at det kjem på rett plass? \n\nNoko godt nytt var det- som at husbanken si låneramme vert utvida med 3mrd. Det er viktig for kommunene som skal busette mange flyktninger og det blir viktig for å utvikle ein meir sosial boligpolitikk slik at fleire kan få startlån og greie å skaffe seg sin eigen bolig. Dette grepet er viktig for å utvikle nye bustadmodellar som leige til eige, og ikkje- kommersielle utleieboliger og studentboliger. \n\nDet kom 160 mill til rentekompensasjon på Nordøyvegen og det kjem vel med. Vi var med å vedta det i vår. Lånegaranti til Ålesund sjukehus kom også endeleg , men no har alt blirt dyrare……så det burde ha vore bevilga litt meir. \n\nMen eg er skuffa over mykje av det på «natur». Små men viktige poster til skjøtsel er kutta. Og så vart Runde Miljøsenter kutta nok ein gong med 3 mill. Eg forstår berre ikkje kva som gjer at det ikkje kan få vere mogleg å la desse kompetansearbeidsplassane i distrikta få vere. \n\nDet er elendig distriktspolitikk å flytte alt slikt inn i søkbare uforutsigbare ordninger frå år til år. Eg har meir tru på stabilitet og forutsigbarheit enn å kutt og aldri vite om ein har jobb neste år. \n\nMen kanskje den største skuffelsen for min del, er at regjeringa leverte ingen ting til Marine Grunnkart i kystsona, sjølv om Stortinget vedtok at Regjeringa skulle sette fart på arbeidet med å lage slike kart for heile kysten. Det er lønsamt, det er lurt, og det er ein føresetnad å forvalte kystområda på ein god måte at vi veit kva som er i fjordane. No plasserer vi ting i blinde. \n\nNORSØK på Tingvoll overlevde heldigvis, denne runden. \n\nPå veg heim vart eg minna om at budsjett påverkar folk sine liv. For då eg kom til Valderøykaia kom det ingen båt, ruta som har fungert så godt for pendlinga heim er borte. To timer ekstra venting i Ålesund vart resultatet.\n\nEit resultat av trange fylkesbudsjett med harde prioriteringer. \nGod helg😊❤️💚

Postet:
2023-10-06 22:47:25

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post