Person / Aktør:
Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet

Innlegg:
I dag legg regjeringa fram forslag til statsbudsjett for for Stortinget!💰 Statsbudsjettet bestemmer kva vi skal bruke dei felles pengane våre på i Noreg neste år – i 2024 – og det er Stortinget som til slutt vedtar forslaga. \n\nHer er dei viktigaste forslaga i årets statsbudsjett på ansvarsområda til Justis- og beredskapsdepartementet:\n\n👮 2 milliardar meir til politiet\n🏗️ 151 millionar til å gjenoppbygge kriminalomsorga\n💙 19 millionar til å forbetre ungdomsstraff og ungdomsoppfølging \n📡 70 millionar til nytt og eksisterande Naudnett\n🚁 1,5 milliardar for å fortsette innkjøpa av nye redningshelikopter\n\nÅrets statsbudsjett er eit budsjett for å trygge folks økonomi i Noreg i ein uroleg tid, og regjeringas viktigaste jobb er trygg og ansvarleg økonomisk styring. Mange merkar høgare prisar og renter i kvardagen. \n\nNå er det viktig å sikre gode velferdstenester for alle i Noreg. Vi skal stille opp for dei som treng det mest. Vi skal bidra til tryggleik for alle og mogelegheiter for folk og bedrifter over heile landet. Vi skal ta hand om grøn omstilling og nå klimamåla våre. I ein uroleg verd må vi prioritere tryggleik og beredskap. Vi må bidra til å få ned prisveksten, og sikre at folk har ein jobb å gå til. Arbeidsløysa er lav, det er rekordmange i jobb, og prisveksten vil truleg gå ned neste år. \n\nVi er på riktig veg.\n\n👉 Les meir om forslaga på www.regjeringen.no/id2994736/?expand=jd

Postet:
2023-10-06 09:33:57

Delt innhold: