Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Det er for folk sine liv og kvardag vi skal utvikle politikk ikkje for internasjonale konsern med styremedlemer i skatteparadis. \nFor dei som slit med å ha nok til å kjøpe ein bolig, \nfor god bemanning i skule og barnehage, \nfor at innbyggarane i kommunene skal få grunnleggande tenester i barnehage,skule ,helsetenester og eldreomsorg. \nFor bonden som er redd for å miste driftsgrunnlaget fordi kommunen vil ekspropriere jorda til utbyggingsformål. \n\nDei kommunale tenestene er ryggrada i velferdsstaten difor vil SV styrke kommuneøkonomien. \nDet er alvorleg når SIFO seier at over 150 000 husstander er ille ute. Det hastar å ta politiske grep for at folk skal behalde ein stad å bo og ha mat på bordet. \nFlyktninger vil ikkje leve på sosialhjelp, dei vil kome seg i arbeid og forsørge seg sjølve. Vi må gjere det mogleg og sette inn ressursar tidleg. Friviljuge organisasjoner på inkluderingsfeltet treng føreseielege søkbare ordninger. Norge må ta imot kvoteflyktninger, som er den einaste lovlege ruta for menneske som er på desperat flukt frå krig for å berge livet. \nStortinget må forvente at Regjeringa avslutter det pågåande menneskerettsbrotet på Fosen, og sjå til at det ikkje skjer nye menneskerettsbrot i jakta på nye naturressursar på land og hav. No er tida for å fylgje opp «Sannhests og forsoningskommisjonen» sin rapport med politikk og budsjett.\nEg ser fram til eit nytt Stortingsår og arbeidet med å utvikle politikk for folk sine liv og arbeidsplasser. Å utvikle politikk for meir rettferdig fordeling, klimakutt og ivaretaking av natur.

Postet:
2023-10-05 07:46:34