Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Eg har faktisk medfølelse for ny ordførar som tek over i Stranda om vel ei vekes tid, \n\n- for den økonomiske realiteten som vart presentert i går var faktisk betydeleg verre en eg hadde forventa.\n\nDet er berre å seie, \n\n«Gråt Stranda, gråt», for dette her er ille😢\n\n————————//————————//——————\n\n• 17,1 million kr i minus!\n\n«Avtroppende kommunestyre i Stranda, fekk fasiten frå innleid økonomikompetanse frå Telemarkforsking, beskjed om at minst 17,1 million kr mangler i budsjettet for 2023»\n\nSP, Høgre, Ap og KrF har solgt e-verket, sprita opp økonomien for 2023 med meir enn 18 mill kr i utbytte, likevel får Strandaøkonomien en midt i «solar plexus» så det holder.\n\nKraftig smell på renter, avdrag, skatt og rammer på samla over 17 million kr må kuttast ytterlegare i årets budsjett var beskjeden, som faktisk er betydeleg verre enn det Statsforvaltaren også kravde omstilt.\n\nLikevel fortsetter Tryggestad og co i siste krampetrekning før nytt fleirtal tek over, å vedta samla investeringsnivå på over 94 million kr i år.\n\n- kvifor var det så viktig å vedta dette ei veke før nytt fleirtal tek over?\n\n« Alle burde forstå at Stranda kommune må kutte alle investeringar som ikkje er påstarta, men dette bryr altså tidligare regime seg ikkje mykje om»\n\nBrannbilgarasjen i Geiranger ruvar med sine samla kostnad på over 72 million kr, og med stigande renter reknar eg med dette vil «bite kommunen bak» også for ny ordførar som stemte for dette vanvittige pengesløseriet.\n\nFor 2024 manglar kommunen så langt ca 30 million kr, og med dei økonomiske utsiktene for 2023 blir dei samla økonomiske kuttbehova i 2024 formidable.\n\n« Einar Arve Nordang og Steinar Aanning treng all den økonomikompetansen dei kan få fatt i frå Telemarkforsking og andre, for oppryddinga etter SP og co blir nok rimeleg brutal»\n\nMvh\nFrank Sve\nKommunestyrerepresentant

Postet:
2023-09-28 08:08:56