Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Kulturrådet hadde sin andre konferanse i ein serie på tre om Sannhets og forsoningskommisjonens rapport på Dramatikkens hus i Oslo 21 september. Situasjonen til samisk , kvensk og skogfinsk språk og kultur vart sett på agendaen. Fornorskningspolitikken som har vore ført opp igjennom tida har virka - difor haster det å ta politiske grep som kan hindre at språk og kultur går tapt. \n\nI forkant SV sitt Landsstyremøtet i helga inviterte Samepolitisk råd landsstyret og SV sine stortingsrepresentanter til foredrag om «Sannhets og forsoningskommisjonens rapport» ved kommisjonen sin leder, Dagfinn Høibråten. \n\nDet var Kirsti Bergstø m.fl. i SV som i si tid fremja sak i Stortinget som leia fram til arbeidet med rapporten. \n\nHøibråten understreka at no er rapporten levert, men arbeidet med å gjere opp for urett er ikkje ferdig med den. Tvert imot, så er det no arbeidet byrjer i Stortinget med å fylgje opp rapporten med praktisk politikk for å bevare samisk, kvensk og skogfinsk kultur og språk. Han nemnde også Fosensaka i sitt foredrag, og uttrykte sterk bekymring for konsekvensane for det norske demokratiet om den dommen ikkje vert skikkelig fylgt opp av regjeringa, slik at menneskerettsbrotet opphøyrer.

Postet:
2023-09-24 21:01:50

Delt innhold:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget-এর পোস্ট করা ফটো