Innlegg:
Liker du ikkje gamalost, seier du? \n\nEg har ein påstand om mat: Når vi seier at det er noko vi ikkje liker, har vi som oftast berre ikkje vent oss på det enno.\n\nSom attenåring laga eg meg eit prosjekt, nemleg å eta det eg ikkje likte noko særleg minst ti gongar før eg fekk lov til å gi det opp. \n\nLenge før den tiande gongen hadde eg vent meg på både gamalost, blåmuggost og oliven, som var dei matvarene eg helst ville sleppe.\n\nGamalost er ein urgamal norsk mattradisjon vi bør vera stolte av og vidareføre. Så dra til! Prøv det gjerne på rista brød eller nysteikte vaflar med masse smør eller evt syltetøy og rømme til. \n\nUnder finn de bilete av den enorme gamalosten eg fekk med heim frå Vik i Sogn i sommar.\n\nIdear til oppskrifter her:\n\nhttps://www.gamalost.no/no/idear-oppskrifter
Postet:
2023-09-23 19:24:43