Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Emmanuel Revis fekk i dag Kongens fortjenestemedalje🎖️ Han er psykologspesialist, og har i over 20 år vore sentral i å sikre rettane til personer med psykisk utviklingshemming som har gjort noko straffbart. I sum har arbeidet hans på psykologisk rehabilitering og rettspsykiatri gjort Norge meir sivilisert, og sikra langt fleire omsorg og helsehjelp. Eg hadde gleda av å få gode råd og innspel frå Revis då eg var leiar for justiskomiteen på Stortinget i perioden 2013-17. Det var ei ære å få delta på markeringa i Trondheim, der han no har fått den største anerkjenninga ein kan få i dette landet 🌹🌹 Det finst mange heltar me høyrer for lite om - Revis er ein av dei.

Postet:
2023-09-21 16:50:35