Person / Aktør:
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide
Parti: KRF

Innlegg:
I valkampen såg eg fleire episodar av TV2-serien «Søsken» - der vi får følge fleire søskenpar i kvardagen. Dette er søskenpar der eit av borna har alvorleg sjukdom eller andre store utfordringar i livet. Eg vart så gripen av denne sterke serien at eg tok med eksempel frå den i mitt innlegg i trontaledebatten på Stortinget i går. Endå betre var det i dag då eg fekk besøk av gjengen frå «Søsken» på Stortinget, der borna og foreldra deira mellom anna stilte spørsmål til statsministeren i Vandrehallen. Eg sette stor pris på besøket! Eit eksempel frå serien som illustrerer vår kamp for eit mangfaldig samfunn, er når Elina blir spurt korleis det er å ha ein bror som sit i rullestol, der broren Pablo raskt bryt inn og seier: «Om dere lurer på hvordan det er å ha en lillesøster som kan gå, så kan det være ganske morsomt. Og litt irriterende.»

Postet:
2017-10-11 14:27:59

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Knut Arild Hareide