Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Vi må stanse naturtapet😊❤️💚\nEg heier på dei som vil verne Førdefjorden mot fjorddeponi. \n\nNorge er eitt av 2-3 land som tillet fjorddeponi. Mange av fjordane våre er hardt belasta frå utslepp frå Industri over lang tid, men Førdefjorden er ikkje av dei, den er ein av dei reinaste og friskaste fjordane i Norge. Difor er det ekstra skadelig at det er gitt løyve til nedsklamming. Gytefelt for raudlista blålange er trua. \n\nVi har berre så vidt starta kartlegging av fjordsystema, og vi har alt for lite kunnskap og respekt for det desse fjordane, livet og økosystema som finst der. Marine Grunnkart må på plass for at vi skal slutte å plassere ting i blinde. \n\nNo skal retten gå inn i detaljane i denne saka.\n\nSiste nytt er at Nordic Mining saka også er relevant for det som har foregått av aksjehandel i familien til dåverande statsminister Solberg.

Postet:
2023-09-18 09:27:13

Delt innhold:
I dag startar rettssaka om gruveslam i fjorden – dette er striden
Det politiske slaget om sjødeponi i Førdefjorden er over. No startar den siste omkampen – i retten.