Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Valvinnarar som er kjepphøge er ikkje noko vakkert syn. Derfor er eg glad for at eg har ein sjef som feirar med måte, skryt av dei gode valresultata til samarbeidspartia, og behandlar partia som har tapt med respekt.\n\nDet synest eg både er klokt og sympatisk, og noko demokratiet vårt òg tener på🙏\n \nHøgre har gjort det veldig godt i valet. Vi er det største politiske partiet i Norge, og vi ser òg ut til å få god politisk utteljing i forhandlingane rundt om i landet😊 Det er det lov til å glede seg over, og ikkje minst er det grunn til å takke alle, frivillige og andre, som har stått på dag og natt den siste tida👏👏👏\n \nEtter litt tid med feiring nå, startar det politiske arbeidet alle lokalpolitikarar har tatt på seg, og då er det berre å seie lykke til👍\n\nSamtidig har på ein måte startskotet gått for neste valkamp, og valresultatet har òg gitt det ein god start💙\n\nFoto: NRK

Postet:
2023-09-12 13:30:00

Delt innhold: