Person / Aktør:
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide
Parti: KRF

Innlegg:
Her kan de sjå kva eg sa på Stortingets talarstol tidlegare i dag om mistillitsforslaget mot justisministeren: «Ei sak som dette handlar ikkje om å vinne eller å tape; det handlar om anstendigheit. Det er det viktig å hugse, på ein dag som denne. Og den anstendigheita må gjelde oss alle. Denne saka handlar om tillit – tillit ute i samfunnet, tillit mellom folk, tillit mellom folk og politikarar, tillit mellom politikarar, tillit mellom posisjon og opposisjon. Det er spørsmålet om tillit som er grunnen til Kristeleg Folkepartis sterke engasjement i denne saka, fordi vi kjempar for eit samfunn der alle kjenner eit ansvar for kvarandre. Kall det gjerne sosial kapital, kall det gjerne samfunnslimet, kall det gjerne anstendigheit. Det er nettopp det felles engasjementet for ein anstendig politisk debatt og ei anstendig offentlegheit som òg gjer at denne saka vekkjer så sterke reaksjonar. Nokon har sagt at det var berre ein Facebook-post, at dette er ein debatt om debatten. Eg vil ta avstand frå ei slik bagatellisering. Det alvorlege er innhaldet og kva det nører opp under.»

Postet:
2018-03-20 21:24:41