Person / Aktør:
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide
Parti: KRF

Innlegg:
Gratulerer med dagen, alle! 1. mai er ein festdag for alt som er oppnådd, men det er også ein dag til påminning for alt som står att. Vi må aldri bli oss sjølv nok. Nestekjærleiken kjenner ingen landegrenser. Derfor er det viktig at vi på ein slik dag løftar blikket og ser utover oss sjølv. At vi gjer oss klare til vidare kamp for dei av oss som treng det i vårt eige land. For fattige i alle land. At vi saman tar kampen for eit varmare samfunn. For eksempel ved at vi alle gjer ein ekstra innsats og sørger for å ikkje kjøpe klede som er laga av underbetalte arbeidarar i livsfarlege fabrikkar. Det blir mi oppfordring på ein dag som denne!

Postet:
2018-05-01 11:24:48