Person / Aktør:
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide
Parti: KRF

Innlegg:
Hurra for at TV-serien Søsken vann Gullruten som årets dokumentarserie! Gratulerer til regissør Mari Storstein og resten av gjengen! I fjor haust fekk vi gjengen på besøk på Stortinget. I serien møter vi mellom anna Pablo og søstera Elina. Når Elina blir spurt om korleis det er å ha ein bror som sit i rullestol, bryt Pablo inn og seier: «Hvis dere lurer på hvordan det er å ha en lillesøster som kan gå, så kan det være ganske morsomt og litt irriterende». Takk for at vi har slike seriar på TV og så fortent at dei får anerkjenning for det! Saman skapar vi eit varmare og meir inkluderande samfunn 👍

Postet:
2018-05-06 10:24:51