Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Takk for flott dag i Sykkylven😊💚❤️ med kommuneøkonomi og eldreomsorg på programmet. Medan høgresida vil kutte budsjetta vil SV: \n\n✔️styrke kommuneneøkonomien og gi rom for auka grunnbemanning i omsorgstenestene. \n✔️gi kommunene budsjett som gjer det mogleg å gi unge og gamle tenestene dei treng. \n\nSV leiar Sindre Stuen, 1.kandidat Leonhard Vårdal og listekandidat Eldar Høidal tok meg med til kommunehuset og møte med økonomiansvarlig og snart konstituert kommunedirektør Torbjørn Ove Emblem. Vi fekk ei kjapp innføring i Sykkylven kommune si drift og økonomi. Deretter gjekk turen til omsorgssenteret der vi også fekk ei grundig innføring i eldreomsorga og helsetenestene i kommunen. \n\nOmsorgsleder understreka at bedre og meir forutsigbare utdanningsløp for vaksne, kommuneøkonomi som gir rom for auka grunnbemanning og våge å gjere ting på smartere vis blir svært viktig framover. \n\nKostnadsveksten og renteauke er tøffare enn forutsett og det rentekompensasjonen som har kome er på ingen måte nok. \n\nDette sjølv om kommunen er effektivt driven og det er teke strukturelle grep for å samlokalisere helsetenestene, fellestilbod med bibliotek, frivilligheitssentral og skaparlink, og snart ny barneskule. \n\nDet aller meste av utgiftene er helsetenester, skule og barnehage,så det er ikkje mykje å hente i å omdisponere frå andre budsjettposter når kostnadane veks. Overføringane frå staten er svært viktig at står i stil med oppgåvene. \n\nKommunen må vare førebudd på brå svingningar i økonomien på grunn av sykluser i industrien og store hjørnesteinsbedrifter. Fordi kommunene sitt inntektssystemet ikkje er tilpassa raske svingninger, må kommunen ta høgde for dette sjølve og sette av ekstra mykje midler i disposisjonsfond i tilfelle arbeidsløyse og auka sosiale utgifter. \n\nforslag om å styrke kommuneøkonomien vil vere viktig 😊❤️💚

Postet:
2023-09-06 21:52:46

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post