Innlegg:
Flott at pengane kjem som gjer mogleg for fylkeskommunen å sette ned bompengane på Nordøyvegen. \n\nTakk til Gjeldsvik for at han gjennomfører dette no slik Stortinget har bestemt. Det er berre nokre dagar sidan eg snakka med Kristin Sørheim om at no burde desse pengane kome. \n\nStortinget vedtok at det skulle kome rentekompensasjon både i 2021, og i 2023, og no leverer regjeringa. Her er vedtaket eg var med på å få mitt parti til å stemme for i vår: \n\nVedtak 819\nStortinget ber regjeringen sikre at fergeavløsningsprosjekter som ferdigstilles mellom 2022 og 2027, får ta del i rentekompensasjonsordningen i tråd med vedtak nr. 1251 (2020–2021), jf. Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021).\n\nEigentleg skulle Erna Solberg ha sørga for at pengane var på plass då ho la fram sitt siste budsjett før ho gjekk av i 2021. Jamfør vedtaket om rentekompensasjon i 2021. \n\nDet er i Kommuneproposisjonen som peiker fram mot prioriteringer i komande kommunalbudsjettet, mykje av nøklane til å få gjort noko med bompenger, finansiering av kollektivtrafikk, utsleppsfrie ferjer og båtar ligg. \n\nSV meiner at kommune og fylkesbudsjetta bør styrkast med 5,7 mrd kroner for å gi større økonomisk handlingsrom for kommuner og fylker. \n\nDifor er det merkeleg, at Frp reiser land og strand rundt og lover bompengekutt, samtidig som dei foreslo 13 mrd i kutt i kommunalbudsjettet for 2023. Det» heng ikkje på greip» som vi seier på Sunnmøre.
Postet:
2023-09-07 07:07:17
Delt innhold:
Løyver 160 millionar ekstra til Nordøyvegen
Regjeringa løyver 160 millionar kronar ekstra til Nordøyvegen for å kompensere for høgare rente. Dette sa kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik på ein pressekonferanse på Skjeltene ved Nordøyvegen i dag. Pengane kjem som ei ekstraløyving til fylkeskommunen og blir fordelt over to år. Gjelsvik...