Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Ei stemme til SP og AP, er ei stemme for Møreaksen og at dei fleste andre viktige vegprosjekt her i fylket blir skrinlagt dei neste 12 åra.\n\nDette slår SP sin Geir Inge Lien og AP sin Kirsti Leirtrø fast i sitt besøk til « Møreaksen tilhengarane»\n\n- dette beviser at bestillinga til Statens vegvesen står fast frå SP og AP der , \n\n- E-136 Ålesund til Vestnes skal ut av NTP dei neste 12 åra.\n\n- E-39 Veibust- Blindheimstunellen- Moa skal heilt ut av NTP dei neste 12 åra.\n\n- RV 15 Strynefjellet m/arm til Geiranger, heilt ut av NTP dei neste 12 åra.\n\nGratulerer SP og AP, dokke fekk svaret frå ungdommane i skulevalet på kva dei meiner om politikken dokka, \n\nResten av svaret får SP og AP den 11/9 \n\nStopp Møreaksen og bygg istaden dei viktige vegane her i fylket!\n\nStem FrP 😊🍎\n\n—————————//————————//—————-\n\n• Ei stemme til SP og AP,\n= ei stemme til Møreaksen!\n\n« Dette slår SP og AP representantar frå Transportkomiteen fast, sjølv om dei veit at Møreaksen vil folket i dette fylket slett ikkje ha»\n\nSP og AP slår altså fast at Statens vegvesen leverer bestillinga frå desse partia om at E-136 frå Moa til Vestnes skal heilt ut av NTP dei neste 12 åra. Ein trafikk på over 11000 bilar i døgnet, Exportvegen vår som også har mange alvorlige ulykker, betyr null for desse partia.\n\nSP og AP slår fast at Statens vegvesen leverer på bestillinga om at E-39 Veibust- Blindheimstunellen- Moa, med vanvittige over 22000 bilar i døgnet, mengder med alvorlige ulykker og dødsulykker, skal takast heilt ut av NTP dei neste 12 åra. Likeså RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger og andre viktige vegar i heile fylket.\n\nMøreaksen derimot, med sine «heile» 2292 bilar over Romsdalsfjorden, ja den skal SP Lien og AP \nLeirtrø ha, koste kva det koste vil, og her gjev ein blaffen i kva folket i fylket meiner.\n\nHeldigvis kjem vanlige folk til å seie si meining om dette i kommune og fylkestingsvalget den 11/9, og ungdommen viste det klart og tydelig i skulevalget der SP og AP fekk eit klart svar.\n\nFrP kjem fortsatt til å kjempe hardt imot «galskapens prosjekt» Møreaksen, og vil etter at vi tar over på fylkeshuset på Molde førebu dette.\n\nKampen mot Møreaksen fortsetter fram til neste Stortingsvalg i 2025 der SP og AP skal geleidast ut av regjeringskontora.\n\nEi ny FrP/Høgre regjering i 2025 vil måtte rydde kraftig opp i samferdselssektoren etter handlingslamma SP og AP.\n\nDødsvegane, dei kraftig ulykkesutsatte vegane, rassikring, vedlikehold av riks og fylkesvegar, bygging av nye sikre vegar, er noko av det som må kome raskt på plass.\n\n« Og ikkje minst, eit anstendig ferjetilbud der gratisferjer ikkje er det viktigaste, men at ferja faktisk går når folk flest og næringslivet har behov for dette»\n\nDå er der ikkje rom for vanvittige sløseriprosjekt til 30/40 milliard kr slik som Møreaksen til 2292 bilar,\n-og der verste «ulykka» sikkert er nokre klamra fingrar i ei bildør på ei ferje.\n\nStopp Møreaksen!\n\nStem FrP\n\nMvh\nFrank Sve\n1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen\nStortingsrepresentant\nfor FrP

Postet:
2023-09-06 09:22:07