Innlegg:
Her ser dokke kven som i praksis prioriterar E-39 Veibust-Blindheim Moa, med sine 22000 bilar i døgnet, mengder med alvorlige ulykker, også mange dødsulykker.\n\nKUN FrP som prioriterer dette!\n\nOg, så set AP og snakkar om å vere «sjofel»?\n\nEit AP og SP i Ålesund og i resten av fylket som kun har prioritert Møreaksen?\n\nAP og SP i praksis🤨\n\n————————/——————-/———————\n\n• Stemmer ned E-39 Veibust-Blindheim-Moa!\n\n« Det einaste som er sjofelt i Ålesund, er at AP/SP styret over lang tid har stemt ned sine eigne vegar og stemt på Molde og Møreaksen»\n\nDen 2 mai 2023 stemte Stortinget over mitt og FrP sitt framlegg om snarleg prosjektering, og prioritering av E-39 Veibust-Blindheim-Moa.\n\nAP, SP , SV og resten av dei raud/grøne stemte imot dette prosjektet, kun FrP stemte for.\n\nKor falsk går det ann å bli, når ein i AP og SP ikkje er ærlige over at det er dei sjølve som er grunnen til at ingen ting har skjedd eller vil skje med ei av dei mest ulykkesutsatte vegstrekningane her i landet.\n\nDet er kun eit nytt styre i Ålesund, i fylket og om to år på Stortinget med eit sterkt FrP og eit fleirtal ilag med Høgre som kan gjere noko med dette.\n\nVi i FrP har vist at ein god måten å få Høgre til å drive god Høgrepolitikk på er eit sterkt FrP.\nDesse partia i lag vil snu Ålesund til det betre, like så Møre og Romsdal fylkeskommune.\n\nAP har vore ei katastrofe for fylket, og SP har nok vore aller verst.\n\nKvifor er ikkje E-39 Veibust til Moa med sine 22000 bilar i døgnet blitt prioritert?\n\nJau, fordi SP og Sørheim har ilag med AP mfl sørga for at kvar ei planleggingskrone har gått til Møreaksen,\n\n- og, så snakkar Sørheim tøv i ørska over at det er så viktig å få planleggingsmidlar til mange prosjekt?\n\nHo av alle veit at pengane har gått kun til Møreaksen slik at absolutt alle andre prosjekt er torpedert.\n\nKvifor stemte AP og SP imot dette prosjektet i Stortinget?\n\n« Dette er sjofelt det AP, når dokke beviser i praksis at AP bryr seg null om samferdsel i Ålesund men heller heiar fram prosjekta på Molde og Møreaksen»\n\nEg og FrP kjem på nytt til å fremme denne saka i Stortinget og i fylkestinget, og gjev oss ikkje før E-39 Veibust- Moa samt heile E-136 er prioritert og satt igang,\n\n-og Møreaksen skrinlagt for godt!\n\nMvh\nFrank Sve\n1 nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen\nStortingsrepresentant\nfor FrP.
Postet:
2023-09-02 08:56:46