Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Eg var denne veka i debatt om beredskapslagring av korn mot Høyre. \n\nRegjeringa vil til neste år legge korn på lager. Det skjer 20 år etter at beredskapslager av korn vart avvikla i Norge. \n\nI debatten sa Høyre sin landbrukspolitiske talsperson: «Det er også derfor vi startet med å bygge opp desentraliserte tørke og kornlager da vi satt i regjering. Så vi er ikke uenige i det.»\n\nProblemet med det utsagnet er at det ikkje er sant. Det var ingen etablering av kornlager då Høyre satt i regjering. Det eksisterer ikkje eit einaste desentralisert kornlager etter Høyre. Det eksisterer ikkje ein einaste avtale om beredskapslagring. \n\nDet Høyre gjorde i Regjering var i 2014 å oppheve forslaget frå Stoltenberg-regjeringa om å etablere beredskapslager. (Listhaug). Seinare gjorde Stortinget eit nytt vedtak om etablering av beredskapslager. Dette skjedde mot stemmene til Høyre og Frp. Erna Solberg si regjering tok initiativ til og fikk saman med Frp, KrF og V fleirtal for å oppheve dette vedtaket. \n\nHøyre og Sp har heilt ulikt syn på beredskap. Derfor er det ikke bra når Høyre i valgkamp påstår at dei var i gang med beredskapslagring av korn. Eg har leita i dokumenter, i skuffer og skap og bakom kaffimaskinen i departementet. Det finnes ikkje spor av desentraliserte beredskapslager frå Solberg-regjeringa. \n\nMen sjølvsagt er det flaut for Høyre å innrømme det. For eg trur folk i Norge vil ha denne forsikringa for matberedskap. No kjem det !
Postet:
2023-09-02 08:40:09
Delt innhold: