Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
I dag var eg som halvt smølaværing i elden under Smølakonferansen saman med ein annan halvt smølaværing, stortingskollega Ove Trellevik frå Høgre. \n\nVi fekk spørsmål om kva vi meiner er spesielt med Smøla. Eg trekte fram matauken. Det er enormt med mat dei produserer i fiskeri, kvalfangst, oppdrett og landbruket. Smølagulrota må sjølvsagt nemnast.\n\nOg så trekte eg fram folkeslaget. Eg opplever smølaværingar flest som opne, direkte, omgjengelege og frampå. Eit samfunn under ein veldig open himmel og med havet rett på.\n\nGjermund Eide, som er militær rådgivar for Jens Stoltenberg i NATO, gav eit svært godt føredrag om sikkerheitssituasjonen i verda. Han står saman med ordførar Svein Roksvåg og meg på det eine biletet.\n\nOppsummert: Vellukka dag på vakre Smøla!

Postet:
2023-09-01 19:38:20

Delt innhold:
Photos from Jenny Klinge's post