Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Det viktigaste no er at alle bruker røysteretten. \n\nEg røysta i går i «storstova» som er bygd opp på dugnad ved Coop butikken på Longva. \n\nDer var ein jamn straum av folk, så eg var ikkje åleine om å førehandsstemme på Longva i går. Eg måtte kjappe meg å få ein kjenning til å ta dette biletet så ikkje nokon vart ufrivillig «linselus».\n\nDenne «stova» er resultat av eit bygdeutviklingsprosjekt og eldsjeler som har arbeidd hundrevis av timer på dugnad. Møteplassen er lett tilgjengelig og brukt av alle. Det har blitt ein viktig møtestad for både unge og gamle og folk på tur kan nytte toalettet som er tilgjengelig også når butikken er stengt.

Postet:
2023-09-02 07:50:36

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post