Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Kloke ord fra ordførerkandidaten vår i Ørsta 🍀😊

Postet:
2023-08-28 16:57:29

Delt innhold:
Ordførarkandidaten vår skriv om Emil i Møre-Nytt i dag. Ørsta senterparti har eit stort hjarte for dei som, av ein eller annan grunn, ikkje finn seg i rette i skulen eller som ikkje ser skulen som ein arena der dei får vist meistring og kompetanse. \n\nKorleis tenkjer DU at vi kan legge til rette for alle «Emil’ar» i skulen?\n\nLes innlegget her: \n\n \nI år er det 60 år sidan vi vart kjent med Astrid Lindgren sin høgt elska Emil i Lønneberget. Gjennom generasjonar har vi kosa oss glugg ihel med denne energiske, rampete og sånn passe uoppdragne lysluggen. Sjølvsagt er Emil også snill, men det er alt han gjer av “hyss og spik” som blir hugsa best.\n \nEmil vart ofte misforstått og fantestrekane hans var eigentleg ikkje fantestrekar. Han heisa veslesyster Ida opp i flaggstonga for at ho skulle få sjå heile Katthult, han fylte faren sine støvlar med vatn for å sjå om dei var tette og han plasserte ei musefelle under kjøkkenbordet for å fange musa som hushjelpa Lina var så redd for. Det var jo ikkje Emil sin feil at pappa sette seg akkurat der for å ete frukosten sin, slik at musefella klappa saman over foten hans.\n \nMed lang fartstid i skulen har eg møtt mang ein Emil. Desse elevane som har mykje energi, har det med å hamne i uheldig situasjonar og kan finne det vanskeleg å sitte stille på ein stol og lære. Har vi plass til desse elevane i skulen? Klarer vi å gi dei gode dagar med læring, meistring og trivsel?\n \nDen norske skule hadde heilt klart vore for teoritung for Emil. Sjølv etter fagfornyinga, der praktisk tilnærming til fag skal ha mykje større plass, så hadde nok ikkje Emil funne sin plass i klasseromet. Korleis kunne Emil ha fått vist kompetanse og opplevd meistring? Eller kjent seg verdsett og nyttig?\n \nEmil hadde heilt klart vore eleven som spratt opp om du trengte hjelp til å løfte tunge ting, flytte rundt på pultar, tømme papirbosset, hente bøker frå lageret, assistere vaktmeisteren, forklare korleis ein motor er sett saman, fikse datamaskin og smartboard, rydde i uteleikene, spyle uteplassen og mykje meir. Dette er verdifull kompetanse som skulen må verte flinkare til å verdsette og gi rom for.\n \nVi treng framleis ein meir praktisk retta skule. Eg veit at lærarar i dag hadde strekt seg langt for å legge til rette for at Emil skulle få ein god skulekvardag med innsmett av praktiske gjeremål. Emil skal nemleg også ha sin rettmessige plass i klasseromet. Vi i Ørsta senterparti ynskjer at denne haldninga skal vere standarden og ikkje basert på kven du har til lærar eller kva ressursar skulen har og ikkje har.\nOg så må vi ikkje gløyme at Emil var ein snill og god gut. Akkurat som alle “Emil”-elevane som sit i klasseroma rundt om kring og ikkje heilt veit om dei høyrer heime der; dei er gode i botnen og vil veldig gjerne gjere nytte for seg. Emil hadde mest truleg valt seg ei yrkesretta utdanning og vorte ein svært dyktig bilmekanikar eller tømrar. Og akkurat difor må vi som har politisk innflytelse sørge for å legge til rette for at skulane har det dei treng for at Emil får oppleve glede og meistring i skulen, slik at han kjem seg inn på den vidaregåande linja han ynskjer mest.\n \nTil slutt vil eg trekkje fram Lina og Alfred, som var Emil sine gode støttespelarar når mykje anna svikta. I mine auge er Lina og Alfred allereie på plass i skulane våre, godt fordekt som assistentar, fagarbeidarar, miljøarbeidarar, helsesjukepleiarar m.m. Desse yrkesgruppene er viktige i skulen og kan på mange måtar bidra til at Emil - og alle andre elevar, får gode dagar i skulen.\n \n“Fantestrekar er ikkje noko ein planlegg, dei berre skjer. Og at det er ein fantestrek finn ein ikkje ut før etterpå”.\n \nTove Halse Digernes\nordførarkandidat Ørsta senterparti