Innlegg:
Bellona Fredric Hauge, statsråd Espen Barth Eide og Terje Aasland har alle tre vore ute i media og hevda at vindkraftmotstand berre handler om utsikt. \n\nDet avslører kor lite dei forstår av vindkraftmotstanden, og kor lite dei tek inn over seg at den industrielle tilnærminga til natur, med brutal råstoffutvinning og industriell vekst trugar livet på jorda ikkje berre klimaet. \n\nDen enkle tanken om å erstatte fossil energi med fornybart kWh for kWh er ikkje berre urealistisk - men den industrielle veksten trugar også miljø og urfolk sine leveområder i mange deler av verda. Balsatreskogen og Intag dalen i Ecuador. Urskog på west Papua Ny - Guinea……lista er lang. 75% av jordoverflata er brukt. \n\nFosendommen og kampen for Nordens siste villmark, samisk reindrift sine reinbeiteområder i Finnmark, handler ikkje berre om utsikta for å seie det slik. \n\nFor meg handla kampen om Haramsfjellet om demokratiske prosessar, folk og natur, påverknad på fugl, industrialisering av friluftsområder og nærlandskap. Eit arealforbruk som inkluderer areala og alt vatnet som må til for gruvedrift, epoxyproduksjon, mineraler, metall og råstoff i andre verdsdeler for å bygge eit vindkraftanlegg. Litt energi til lokalt bruk er ein ting, men om noko er tålbart er ofte snakk om mengde og størrelse. \n\nPå Haramsfjellet var det advara om stor konflikt med fugl. Og slik har det gått. Det blir funne mykje død fugl , men fortrenging av leveområder for arter blir ikkje særleg undersøkt. Sumverknaden av dei mange anlegga og andre menneskelege inngrep i trekkruter til fugl bekymrer meg. \n\nØkonom og økologi Professor emeritus ved Barcelona universitet, Joan Martinez Alvarez, som mottok Holberg Prisen i Bergen i juni, for sitt arbeid med globale kart over miljøkonfliktar, peika i sitt Holbergforedrag på at all fornybar energi har kome i tillegg til fossil energi. 10% av dei rikaste står for 50% av utsleppa. \nRovdrift på ressursar heng saman med stor industriell vekst. At energien erstatter fossil energi er ein fiksjon, det er ikkje erstatning som har skjedd, men auke av alt slår Alvarez fast. Inklusiv utvinning av råstoff til alle våre industri og forbruksvarer som i liten grad vert resirkulerte. \n\nDet er er tydeleg i Asland sin argumentasjon at elektrifisering av Melkøya er eit bruhovud for enno meir fossil energipriduksjon i Arktis. Ingen ting tyder på at gass og oljeutvinninga skal bremse opp- og er den tatt opp så blir den brukt. \n\nMeir av alt raskare - kan det seiast meir brutalt. \nMindre av alt raskare er det som trengst. \n\nEg trur at vegen å gå er å bruke mindre og klokere, sette pris på natur og endre heile den økonomiske tankegangen. Les kva som skjedde då Møre og Romsdal bestemte seg for å gjenbruke i staden for å kjøpe nytt🤩 \n\nhttps://www.mrfylke.no/nyheiter/flyttar-inn-i-kompetansehuben-ombruksprosjekt-i-molde-har-spart-miljoeet-for-33-tonn-co2
Postet:
2023-08-27 21:30:07