Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Har i dag opna landbruksmessa Agrisjå i Stjørdal. \n\nLandbruksmesse er rock n roll og viser kva matproduksjon er: Teknologi, kunnskap, folk og biologi. \n\nMykje trivelege folk og god stemning heile dagen. \n\nBodskapet mitt under opninga var at politikk betyr mykje for matproduksjonen. Det er få politiske felt der skillet mellom regjeringa og H/Frp sin politikk er større: Meråker brug, jordvern, beredskapslagring og jordbruksoppgjer er døme på saker me seier ja og H/Frp seier nei. \n\nOg så er det etter dagen i dag ingen tvil hos meg om at Eli Arnstad er ein suveren ordførar for Stjørdal kommune.

Postet:
2023-08-25 16:34:02

Delt innhold:
Photos from Geir Pollestad - Senterpartiet's post