Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Eg innrømmer at eg vart sjarmert av den store flokken i Vik Senterparti som tok imot meg på tysdag og i går. Lettliva, engasjert og veldig gjestfri!\n\nOrdførarkandidat Eivind Helleland har eg hatt godt samarbeid med tidlegare òg. No vart det intensiv farting rundt i vakre Vik i Sogn.\n\nVi var innom mange ulike bedrifter, som det står meir om under bileta. Så avslutta vi med stand på Vikjatunet. Der serverte vi kjøtt frå Vikja i potetkake - og understreka sjølvsagt at det var raudt kjøtt. \n\nI desse tider er det nødvendig å få fram at det vi nordmenn har overlevd på i generasjonar må vera ein del av kosten vår framover òg.

Postet:
2023-08-24 18:21:26

Delt innhold:
Photos from Jenny Klinge's post