Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
14 dager som landbruks- og matminister. \n\nDet har vore ei spesiell oppleving. Det har vore kjekt. Det har vore spanande. Det har vore krevjande. Det har vore intenst. \n\nVegen frå slottsplassen til fugleinfluensa og flaum var kort. Det som gleda meg var at eg på nøkkeloverrekkinga ikkje fekk spørsmål om kva ein liter melk kostar eller kva eg veit om landbruk. Det var direkte på med politiske spørsmål.\n\nEg føler eg har vore mykje på kontoret, men det er og blitt besøk til Innlandet, Buskerud, Østfold, Agder og Rogaland. Sterkt å møte bønder som er rammet av flom - kjekt å fortelle at vi styrker ordningen for produksjonssvikt. \n\nStatsråd og regjeringskonferanse er to nye opplevinger. Har hatt møter med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag, Norske Reindriftsamers Landsforbund, Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Pelsdyralslaget, Rogaland Senterparti, Ap og Sp sine næringsfraksjoner og en haug med interne møter. \n\nHar mottatt underskriftskampanje fra dyrevernorganisasjon, hatt allmøte i departementet, vært i debatt på Politisk Kvarter og Dagsnytt 18, deltatt i debatter om dyrevelferd, Genmodifisering, Matnasjonen Norge og mat/klima på Arendalsuka. \n\nDet har og blitt tre turer heim til Bryne. Det er og blitt eit par turer til Stortinget. Sidan Stortinget ikkje er samla har det berre blitt lunsj i restauranten - og ikkje grilling i stortingssalen. \n\nDet har vore mange politiske saker å kaste seg over: Flaum og regelverk for erstatning/kompensasjon. Pelsdyrerstatning. Opptrappingsplan. Statsbudsjett 2024. Dyrevelferdsmelding. Gjødselforskrift. Jordvern. Og mange fleire. \n\nMange har spurt om det er travelt. Det er det ikkje. Det er bare fryktelig mykje å gjera, men så har ein flinke folk med seg til å hjelpe. \n\nDet rareste eg har opplevd var då eg hadde med Nationen for å lage intervju under fotballkampen mellom Fredrikstad og Bryne. Etter 20 minutter spør den ikke-fotballinteresserte journalisten om det er det kvite laget eg heier på. Eg måtte venleg - så venleg som eg klarte - forklare at det var Fredrikstad. \n\nDet eg har brukt mykje mindre tid på enn før er e-post, retningslaus trykking på telefonen og sosiale media. Planen er å sjølv fylgje opp Facebook og Instagram sjølv. Invitasjoner og politiske innspel må sendes til departementet for Messenger er ikkje noko eg har kontroll på. \n\nTil slutt takk for alle gratulasjoner, blomar og meldinger.

Postet:
2023-08-19 08:46:18

Delt innhold:
Photos from Geir Pollestad - Senterpartiet's post