Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Spinnvilt hektiske, men endå meir artige og givande dagar i Arendal med Arendalsveka er over! Eg var så heldig å få delta for Venstre på scena i over 30 debattar/arrangement om alt frå innovasjon og gründer-politikk til forsking, nynorsk, reiseliv, helsenæringar og framtidas helsevesen, matpolitikk, grøn luftfart, kunstig intelligens, arbeidsinnvandring, energipolitikk, sirkulærøkonomi, formueskatt, kulturnæringane, norsk designindustri, Vestlandet, Stad Skipstunnel og endå mykje meir. \n\nOg debattane på Arendalsveka er nesten utan unnatak gode – fordi folk «senker skuldrane», lyttar skikkeleg til kva andre seier og torer å resonnere og spele ball framfor berre å «avlevere retorikk». Og så klarte vi å få opp temperaturen av og til – men er like gode vener etterpå!\n\nEg reiser i alle fall heim med meir energi, meir kunnskap og endå meir brennande lyst til å setje fart på den grøne og sirkulære omstillinga av Noreg! For no hastar det. Folk over heile landet, i små og store bedrifter, forskingsmiljø og mange andre stader står klare til å skru opp tempoet i å byggje eit nytt, og endå meir mangfaldig og grønt Noreg for framtida.\n\nEkstra kjekt var det å sjå så mange lokale folk frå Nordfjord, Sogn og Fjordane og Vestlandet elles på plass i Arendalsveka i år – for å knyte nye kontakter, skaffe ny kunnskap og bli inspirert. Det er rett, det er viktig, og det er kjempebra!\n\nSå vel blåst, og tusen takk for alle hyggelege korte og lange møte frå tidleg morgon til seint på natt, i denne heksegryta som Arendalsveka er. Energien tar eg med meg vidare – og det er det tusenvis av andre som no gjer også!

Postet:
2023-08-18 16:26:54

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post